Ordførarens hjørne 29. september
Arrangement
29. sep, kl. 10:00 – 12:00, Granvin kulturhus
Som ordførar vil eg få inivtere deg til ein prat og ein kaffekopp på Granvin kulturhus fredag 29. september. Om du har ei sak du vil ta opp, noko du lurar på, ris eller ros, eller om du kunne tenke deg å slå av ein prat om ting du er opptatt av i kommunen, så sving innom Granvin kulturhus fredag 29. september. Eg er der frå kl.10:00 til kl.12:00, og eg stiller med nytrekt kaffe.
