Politikken

Partiprogrammet 2019-2023

Arbeiderpartiets hovudmål for Seljord kommune

• Arbeiderpartiets grunnverdiar er likeverd og likerett, utjamning og fordeling. Slike målkan kun oppnåast gjennom aktiv politisk styring. Alle delar av kommunen skal ha moglegheitertil utvikling, basera på stimulering av lokale fortrinn og så langt det er mogleg,avhjelping av lokale utfordringar.

• Verdiskaping og sysselsetting er fundamentet for velferd og busetjing. Sentrale verkemidlarsom bustadpolitikk, samferdselspolitikk, utdanningspolitikk, næringspolitikk ogkulturpolitikk skal kvar for seg og saman innrettast slik at dei tener formålet om rettferdigfordeling, arbeid for alle og trygg, berekraftig verdiskaping i heile kommunen.

Arbeiderpartiet vil:

• Utvikle ein velfungerande, trygg og god kommune å bu og drive næring i. Kommunen skal utføreoppgåvene sine med høg kvalitet og høgt servicenivå basera på best tilgjengeleg kunnskap.

• Kjempe for at Seljord kommune får gjennomslag hos regionale og statlege myndigheiter på alleområder, som samfunnsutvikling, samferdsel, næringsutvikling, og hindre utflytting av statlege ogregionale arbeidsplassar.

• Ta vare på og utvikle lokal tilhørighet og identitet.• Vera garantist for tilsette sine rettighetar og legge opp til ein heiltidskultur.

• Ta initiativ i Vest-Telemark rådet for å sjå på om det kan vere tenleg å også samarbeide omberedskap innan brannvesenet.

• Jobbe for auka statlege overføringar til kommunal drift, då dette er naudsynt for å sikre eintrygg økonomisk drift av kommunen.• Jobbe for å behalde eit godt tenestenivå innanfor dei økonomiske rammene.

• At kommunen fremjar bruken av det lokale målføret i kommunen og nynorsk skriftmål iskule og administrasjon.

• Aktivt jobbe for å finne gode løysingar på lokale initiativ, tiltak og planar saman med fylkeskommunale og statlege styresmakter.

Utvikling i heile kommunen

Å utvikle heile kommunen er ein grunnleggande ambisjon. Vi vil derfor legge til rette for at det skal være trygt og godt å leve og bu i alle deler av kommunen. For å lukkast med dette,må me ha forpliktande samarbeidsarenaer mellom kommunen, interesseorganisasjonar og næringslivets organisasjonar.

Eitt grunnleggande premiss for Arbeiderpartiet er å utvikle heile kommunen basera på prinsippa om berekraft. Vi skal styrke grunnlaget for framtidige generasjonar.

Arbeiderpartiet vil:

• Arbeide aktivt for å legge til rette for nye og sikre eksisterande arbeidsplassar ved å ha einekspansiv næringspolitikk.

• Opprette og utvikle eit servicetorg i kommunen som skal sikre innbyggjarane og andre eit godtoffentleg tenestetilbod med raskare og enklare sakshandsaming.

• Praktisere ein arealpolitikk som gjev god moglegheit for etablering av industri og handel,busetjing, hyttebygging og utvikling av landbrukseigedommar.

• Oppretthalde god service og kvalitet på alle kommunale tenester er viktig for Arbeiderpartiet,og vår ambisjon er at Seljord kommune skal vere blant dei beste i landet.

• Arbeide for god tilgang på attraktive bustadtomter i heile kommunen, og eit variert bustadtilbod,som t.d. leiligheter, rekkjehus og einebustader.

• Stø opp om Dyrskuplassen som arrangementstad.

• Marknadsføre heile kommunen som eit attraktivt turistmål.

• Styrke tilbodet på offentlege og private lærlingeplassar.

• Marknadsføre Seljord som ein god næringskommune.

Barnehage og grunnskule 

Barnehage, grunnskule og skulefritidsordning (SFO) er av dei viktigaste oppgåvene kommunen har ansvar for. Det å legge til rette for og sørge for at alle våre unge får ein god pedagogisk start i livet er viktig med grunnidear som likeverd og likerett. At alle skal ha den same retten til og moglegheita til ein god barnehage og grunnskule, er for Arbeiderpartiet grunnleggande. Innhald og kvalitet i barnehage og grunnskule må ha eit kontinuerleg fokus for å oppnå dei ambisjonane om å gjeva våre unge best mogleg utgangspunkt i livet.

Arbeiderpartiet vil:

• Arbeide for innføring av ein heildags og leksefri skule.

• Arbeide for tilbod om skulemat for alle med eit varmt måltid midt på dagen.

• Legge til rette for at ungane i barnehagane og elevane ved skulen har gode og tidsriktigelæremidlar og utstyr som gjev den kvaliteten ein barnehage og skule skal ha.

• Oppruste/byggje om Flatdal Skule og Flatdal Barnehage og sikre tenlege bygg forbarnehageungar, SFO, elevar og tilsette.

• Gjennomgå skulebygga ved Seljord Barneskule og Seljord Ungdomsskule og gjera deiendringar/opprusting som er nødvendig.

• Tilsetje miljøarbeidar i grunnskulen.

• Leggje til rette for spesialundervisning. Dette forutsett auka statlege midlar. 

Helse og omsorg

Helse og omsorg er ein av dei største oppgåvene kommunen har ansvaret for og er viktig for alle uansett alder. Seljord kommune har i dag gode tenester og tilbod innanfor desse områda og Arbeiderpartiet vil vidareføre dette. Det at alle skal få den hjelpa dei treng og til den tida det er behov for er ein ufråvikeleg ambisjon. Det skal vera trygt å bu i Seljord kommune uansett alder, helse og omsorgsbehov. Kommunen må ha dei tilbod som er nødvendig for å nå dette.

Arbeiderpartiet vil:

• Etablere fleire sjukeheimsplassar.

• Innføre og ta i bruk velferdsteknologi slik at dei som kan og ynskjer det,har moglegheit for å bu i eigen bustad.

• Styrke tilbodet innanfor rus og psykisk helse.

• Styrke tilbodet innan fysioterapi og forebyggande helsearbeid.

• Sikre det gode måltidet for dei eldre i kommunen.

• Kontinuerleg jobbe for betre tilbod og helsetenester.

• Ein trygg og god alderdom som sikrar alle dei offentlege tenestene dei treng.

Kultur og frivillighet

Kultur og frivilligheit har alltid vore viktig i Seljord kommune og er med på å byggje og utvikle lokal tilhørighet og identitet. Frivillige lag og organisasjonar er med på ei viktig verdiskaping i vår kommune, og dei har eit rikt tilbod innom ulike område. Arbeiderpartiet er klare på å støtte opp om desse slik at vi får eit godt tilbod for alle. Kvardagen vår skal også innehalde gode og mangfaldige opplevingar, det bidreg til at vi har ein god kommune å bu i.

Arbeiderpartiet vil:

• Støtte opp det arbeidet idrettslaga i kommunen gjer og legge til rette for eit tilbod for alle.

• Gjeva tilskot til og bidra til å få til best mogleg rammevilkår til frivillige lag og organisasjonar i heile kommunen.

• Stø opp om eit godt og variert kultur- og fritidstilbod i kommunen.

• Vera med på å vidareutvikle tilbodet på Granvin kulturhus og ha ambisjonar om å få bygd eit badeanlegg lagt til kulturhuset.

• Vidareføre det gode tilbodet ved kulturskulen.

• Stø opp om og legge til rette for fleire trivelege møteplassar for bygdefolket.