Ordførarens hjørne - onsdag 21. desember
Arrangement
21. des, kl. 10:00 – 12:00, Granvin kulturhus
Som ordførar vil eg få inivtere deg til ein prat og ein kaffekopp på Granvin kulturhus no på onsdag. Om du har ei sak du vil ta opp, noko du lurar på, ris eller ros, eller om du kunne tenke deg å slå av ein prat om ting du er opptatt av i kommunen, så sving innom Granvin kulturhus på onsdagen. Eg er der frå kl.10:00 til kl.12:00, og eg stiller med nytrekt kaffe.
