Det politiske året 2016

Me har no lagt bak oss eit spanande og produktivt politisk år. Arbeiderpartiet har i litt over eit år no vore i posisjon saman med samarbeidspartia Høgre og Krf. Dette samarbeidet synest me i kommunestyregruppa at har fungera særs godt, og me har fått gjennomførd mykje god politikk for kommunen vår og innbyggjarane.

img_3583_1482526559_9227445

Hovudfokuset vårt har vore Seljord som arbeidskommune, bustadkommune, reiselivskommune og trafikknutepunkt. Kvar gong ordføraren får moglegheita framsnakkar han kommunen vår som ein god bustad- og arbeidskommune, og han framsnakkar også Vest-Telemark då det også er viktig for Seljord sin del. Me har ført ein aktiv og tydeleg politikk når det gjeld næringsutvikling og skaping av arbeidsplassar. Kommunen har vore sterkt delaktig i utviklinga av Seljord næringshage og i tilrettelegginga for Vest-Telemark Teknologipark på Århusmoen. Desse vil forhåpentlegvis bli store bidragsytarar i kommunen i form av skaping av arbeidsplassar og verdiskaping i framtida. Me har også vore aktive i arbeidet med å sikre at Telemark bilruter og Aasmundsens Bakeri blir i Seljord og i Flatdal. Dette er store og viktige arbeidsplassar i kommunen, og det er essensielt for vidareutviklinga av kommunen at desse blir verande.   

For vidareutvikling av kommunen som den gode bustad så har me jobba for å auke busettinga i kommunen i form av halvering av tomteprisane i Tømmeråsen, og regulering for fleire tomter langs Seljordsvatnet. Tilgang på attraktive tomter og tomteprisar er eit viktig utgangspunkt saman med tilgang på arbeidsplassar for å auke talet på innbyggjarar.  Men den gode bustadkommune må innehalde så mykje meir. Dette prøvar me å utfylle ved bl.a. å ha innførd rullerande inntak i barnehagane heile året, og styrke skulen med midlar til lærebøker og IT-utstyr. Godt læringsmiljø skapar læringsvilje og nysgjerrigheit, og eit av bidraga for å skape eit godt læringsmiljø er tilgang på gode lærebøker og læringsplattformer. Me har også igangsett språkpraksisplassar for flyktningar i samarbeid med Seljord personal. Då får flyktningane ein ny læringsarena for å lære seg språket godt og dei blir betre integrera i kommunesamfunnet. At kommunestyret no i budsjettmøtet også landa lokaliseringa av det nye biblioteket på Granvin, styrkar Granvin som ein kulturberar, eit treffpunkt for innbyggjarane i alle aldrar og som ein arena for læring og kunnskapstileigning.

Eit godt kultur- og fritidstilbod er også ein del av ein god bustadkommune. Seljord har eit godt og breitt tilbod, men me har prøvd å støtte alt det gode dugnadsarbeidet som gjerast på dette feltet i kommunen. Me har bl.a. støtta idrettslaget i Seljord med sluttføringa av kunstgrasbanen, og gitt støtte også til deira arbeid med å ruste opp garderobeanlegget på eventyrøy, og garasjeanlegg på raudkleiv. 

Me har fått gjort mykje på litt over eit år, men mykje viktig arbeid gjenstår, og 2017 blir eit spanande og viktig år. Me vil bl.a. sette i gang eit forsøk med ei prosjektstilling som har fått navnet "søkolog". Denne prosjektstillinga vil ha som arbeidsoppgåve å skaffe offentlege midlar til kommunen. For det er utfordringar i kommuneøkonomien i Telemark, også i Seljord. Derfor blir arbeidet med å sikre ein fortsatt berekraftig økonomi i kommunen ein del av hovudfokuset også i 2017.

Arbeiderpartiet har vore opptatt av å opne dei politiske prosessane i kommunen. Kommunestyremøta blir nå streama på web-tv slik at alle innbyggjarane kan følgje kommunestyremøta direkte eller sjå det i ettertid, ordføraren har jamleg treffpunkt for innbyggjarane bl.a. på Granvin, og han kan også treffast på kontoret sitt. Kommunestyret skal vere ein politisk verkstad, men det er viktig at innbyggjarane fylgjer med og tek kontakt med medlemmer av kommunestyregruppa eller ordføraren om det er ting dei vil ta opp av saker eller tema i kommunen som er viktige for dei. Slik får me eit aktivt og opent demokrati, og det er me opptekne av. Så me vil oppfordre alle innbyggjarane om å ta kontakt med oss om de har innspel til saker som me skal jobbe med, eller om saker de meiner me bør jobbe med i 2017.     

 Med ynskjer om ei god jol & eit godt nytt år til alle, 

 Kommunestyregruppa, Seljord AP.