Eit hjartelegt velkoment smell!

Ordførar Halfdan Haugan og Hjartdals ordførar Bengt Halvard Odden

Klokka 15:00 onsdag 3. mai 2017 kunne ein høyre eit smell frå djupt inne i Århus - Gvammen tunellen. Eit smell som ein trygt kan sei har vore etterlengta og hjartelegt velkoment. Om ein skal trekke ei tidsline frå gjennomslagssalva vart fyra av og tilbake til når arbeidet med å få til denne tunellen starta, så må ein faktisk 26 år tilbake i tid. Fyrste gong ei sak om eit tunellprosjekt mellom Seljord og Hjartdal vart behandla i Seljord kommunestyre var i 1991. Dagens ordførar, Halfdan Haugan og dagens gruppeleiar for partiet, Trond Johnsen var begge med og behandla denne saka tilbake i 1991.

«Detta æ ein kjempeflott, og ein etterlengta dag. Det viser at om ein ikkje gjev opp så kan aktiv og kontinuerleg jobbing for slike prosjekt føre fram. Det som skjer i dag er rett og slett ei milepæl!», uttalar ordføraren – iførd oransje statens vegvesen vest og hjelm, og klar for å bli med inn i tunellen, saman med bl.a. Hjartdals ordførar Bengt Halvard Odden og nestleiar i samferdselsutvalet i fylket, Birger Hovden, for å overvære salva som syter for gjennomslaget i prosjektet, men på trygg avstand sjølvsagt.

Dette er eit samferdselsprosjekt som me har jobba for i 26 år, det har vore ute av og inne i NTP fleire gonger, og det har blive jobba for prosjektet opp mot samtlege regjeringskonstellasjonar i denna perioden. Me i AP, både lokalpartia og fylkespartiet, og våre representantar på Stortinget har aldri gjett opp kampen om å få dette til, og no er me her, for å markere og feire at prosessen har førd fram, med tydeleg bevis i dag på solid anleggsarbeid. Sjølv med kraftige tidsutfordringar på Seljord sida av prosjektet, har solid anleggsarbeid gjort at me i dag får gjennomslag i tunellen, og at eg og Bengt Halvard no har ein 11 minutt kortare reisetid mellom kommunehusa.

Detta er eit viktig samferdselprosjekt. For sjølv om ekspressvegen skulle bli ein realitet, så er det uansett så langt fram i tid, at denne tunellen er eit sårt trengt og nødvendig utbetring av E-134, saman med at Haukelitunellane må bli utbetra. Turistvegen, på gamlevegen mellom Århus og Gvammen via Flatdal er eit høgst realiserbart prosjekt. Dei økonomiske midlane til dette har blitt haldt utanom sjølve tunellprosjektet, og vil bli igangsett. Den forkorta reisevegen vil t.d. kunne opne opp for nye og nærare samarbeidsprosjekt mellom næringane på Notodden og næringshagane og næringslivet generelt i Vest-Telemark, samt mange andre nye moglegheiter.

Den neste store dagen i detta prosjektet blir ein septemberdag i 2019, då det blir offisiell opning av det ferdige tunell prosjektet.