God påske!

Då er påska her. Det tradisjonelle påskesnoværet manglar, men med sol og gode temperaturar kan det bli ei flott påske likevel.

Ordførar Halfdan Haugan

Været er likevel ikkje det viktigaste i høgtider som påska. Det er ei tid for å ta ein pust i bakken og nyte litt fritid, i ein elles travel kvardag, saman med familie og gode venner, og om været tillet, nytte den flotte naturen til gode og berikande naturopplevelsar.

Sidan nyttår har kommunestyret og formannskapet i Seljord behandla mange saker. Skal ikkje liste opp alle her, og mange av sakene blir behandla i begge desse politiske organa. Men av viktige saker så har formannskapet bl.a. behandla handlingsplan for idrett og friluftsliv, prioriteringar av spelemidlar 2017, regionale utviklingsmidlar/kommunalt næringsfond, sal av aksjar i vegfinans RV36 Telemark AS og ei moglegheitstudie for Seljord personal AS. Kommunestyret har i sama periode behandla saker som bl.a. starta rulleringa av samfunnsdelen av kommuneplanen, sett i gang prosessen med å tilsette ny rådmann. Bestemt at det nye biblioteket skal lokaliserast til Granvin kulturhus. Vidare har kommunestyret også behandla ei sak om å vidareføring av nattlegevaktordninga, samt forslag til ny bemmaningsplan for barnehagane frå hausten 2017, rammetimetal for grunnskulen 2017/2018. Ei sak om skulematordninga i grunnskulen og utvida SFO-tilbod i Flatdal skule vart også behandla i slutten av mars. Ei av dei viktigaste sakene kommunestyret har behandla sidan nyttår er bygging av bukollektiv og dagaktivitetssenter i Nesvegen 7. Etter innspel frå bl.a. fagforeininga blei den prosessen satt litt på vent for å sjå om prosjektet burde endrast litt før bygginga blei iverksett. No er prosessen godt i gang att, og bygging av nye sjukeheimsplassar vil no starte.

For AP har det vore viktig å ha Seljord sine inbyggjarar i sentrum når politikken skal formast og vedtakast. Difor tok me ei pause i prosessen rundt bygginga av det nye bukollektivet i Nesvegen. Slik vil hovudfokuset også vera frametter.

Nasjonalt så nærmar Stortingsvalet seg, og det vil bli eit retningsval. Dagens regjering med bl.a. sine kraftige skatteletter til til landets rikaste, og stadige angrep på arbeidstakaranes rettigheiter, gjer at det blir eit retningsval mellom å la kapitalismen få sterkare fotfeste eller å skifte over til eit sosialdemokratisk styre der fellesskapets felles innsats vil skape verdiar, trygge arbeidskvardagar og ei sikker framtid for alle.

Påska er ei viktig høgtid, men med den usikre verdssituasjonen og den forferdelege terroraksjonen i Sverige i helga, så blir høgtida ei endå viktigare tid for å reflektere over kor godt me har det i Noreg. Nyt påska med familie og gode venner, kanskje ta ein telefon til ein venn du ikkje har snakka med på ei god stund, og tak vare på kvarandre.

Fellesskapet er viktig, har alltid vore viktig i Noreg og har langt på veg ført landet dit me er i dag. Då er det viktig å kunne tilbringe høgtider i fellesskap med familie, gode venner og i godt lag, slik at ein får lada batteria skikkeleg til den normale kvardagen startar opp att.

God påske til dykk alle,

Med venleg helsing 

Halfdan Haugan, ordførar