Kampen er ikkje over!

Torsdag 15.10.15 la fylkesrådmannen fram ei tilråding om endringar i den vidaregåande skulestrukturen i Telemark. Nok ein gong er ein del av tilrådinga at den vidaregåande skulen i Seljord bør leggast ned, og dei fagtilboda som skulen tilbyr skal flyttast til Notodden og Bø.

original_1478639504_5848074

Hovudbegrunninga til fylkesrådmannen er at den vidaregåande opplæringa i Telemark står foran utfordrande tider med færre elevar og trångare økonomi. Ostehøvelprinsippet er ikkje formålsteneleg, og tilbodet på restaurant- og matfaglinja i Seljord er for lite, slik at det blir for kostbart å drive. I tillegg har ikkje avdelinga i Seljord eit breitt nok tilbod innan fellesfaga på media og kommunikasjonslinja.

Leiar av Seljord AP og påtroppande ordførar, Halfdan Haugan, uttalar at han er skuffa og frustrert då dette er langt frå fyrste gongen at skulen i Seljord er blitt satt på kuttlista til fylkeskommunen. Men samstundes forsikrar han at kommunen ikkje vil gje seg utan kamp. At fylkeskommunen til stadigheit sett skulen på kuttlista, mens politikarane kvar einaste gong opprettheld skulen er ikkje noko god marknadsføring av skulen. Det gjev mykje usikkerheit for dei tilsette og elevane, og det er synd for skulen som heilhet fordi den stadige usikkerheita overskyggjer skulens gode resultat altfor ofte. Det igjen gjer det utfordrande å byggje eit stabilt og attraktivt stempel som ein god utdanningsinstitusjon, og ein får då heller inga stabilt aukande antall elevar som vil søkje seg til skulen. Skulen er ein del av det vidaregåande skuletilbodet i Vest-Telemark og har ein viktig funksjon saman med skulen på Dalen. Det er særs viktig å ha eit godt vidaregåande skule tilbod i Vest-Telemark - det gjev ungdommen i regionen ei god "verktøykasse" for deira vidare utvikling, enten vidare inn i høgare utdanning eller inn i lærlingtida og yrkeslivet. Det er sjølvsagt at det er viktig for regionens ungdommar at me har eit så godt skuletilbod som mogleg, slik at flest mogleg kan få sin vidaregåande opplæring utan å måtte reise ut og bu på hybel, om dei ikkje vil det. I tillegg genererar skulen kompetansearbeidsplassar og verdiskaping i lokalsamfunnet og i regionen.

Halfdan seier vidare at han hadde håpa at skulen no skulle få fred frå stadige inntredenar på fylkeskommunens kuttliste, noko han trudde var tilfelle då "skulestruktur 2020" vart vedteke i 2013. Då vart skulen ein del av Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen, og var slik med på å styrke det vidaregåande skuletilbodet i regionen endå meir. Men når fylkesrådmannens tilråding no er som den e, så er me klare til å nok ein gong kjempe med nebb og klør for skuletilbodet og arbeidsplassane i kommunen og regionen. Den påtroppande ordføraren har allereie hatt ein lang samtale med fylkesordføraren om dette, og har bedt om å få eit møte med den politiske leiinga i fylket om saka. Dette møtet vil skje relativt snart. Me skal sjølvsagt sette oss særs godt inn i fakta og saksgrunnlaget for tilrådinga, og me vil ha ein god dialog med skulen og dei tilsette avsluttar Halfdan.

Seljord AP vil gjerne vidareutvikle skulen i staden for å ti stadigheit måtte ta desse kampane. Skulen vart vidareutvikla då media og kommunikasjon blei ein del av tilbodet på skulen. Vidareutvikling er ein viktig faktor i vidaregåande opplæring og me vil gjerne, saman med skulen og fylkesadministrasjonen, sjå korleis me kan vidareutvikle og styrke skulen denne gongen ved å tenke nytt.