Lokal bedrift vinn store anbudsrundar

I dag var Ordførar Halfdan Haugan på eit besøk til Skorve Entreprenør, og det var ein god grunn for dette besøket.

original_1478639507_726529

Ordførar Halfdan Haugan var i dag på besøk til dagleg leiar i Skorve Entreprenør, Per Ivar Magnushommen, med blomar og lukkeynskingar etter at entreprenørbedrifta på relativt kort tid har fått kontrakter på tilsaman rundt 266 millionar kroner.

At ei distriktsbedrift som Skorve i anbudsrundar med fleire store og nasjonale entreprenørfirmaer klarar å hevde seg i toppen, er eit glimrande døme på at ein ikkje treng å vera sentralt lokalisera for å hevde seg i toppen. Ei kontrakt på Notodden til ein verdi av 112 millionar kroner, ein på Kongsberg på 54 millionar kroner og ein to-delt kontrakt i Oslo på omlag 100 millionar kroner er eit bevis på at Skorve Entreprenør er ein bedrift å rekne med i sin bransje i framtida.

Ordførar Haugan er henrykt på den lokale bedrifta sine vegne, og vonar at dette vil styrke bedrifta ytterlegare, og at kommunen også kan tene litt på det i form av fleire nytilsette i bedrifta flyttar til kommunen.