Møte med Seljord næringslag

Onsdag i førre veke var Ordføraren invitert til eit medlemsmøte i Seljord næringslag. Møtet vart haldt på Lien Fjellgard. Ordføraren var til møtet blitt spurd om han kunne snakke litt om den nye politiske leiinga i kommunen sine planar og mål når det gjeld næringsutvikling o.l. i Seljord dei næraste fire åra. Her kan du lese kva Ordføraren la vekt på.

original_1478639510_0799887

Ordføraren starta sin seanse på Lien med å vise til den politiske plattforma og dei næringsretta punktene i den; auka busetjing, tilrettelegging for næring, og samferdsel.

  • Busetjing - Seljord har over lang tid vore gode på næringsutvikling, men ikkje klart å treffe rektig når det gjeld busetjing. "Den gode nabo" prisen Seljord fekk for nokre år sidan er eit bevis på det. Kommunen har gjennom mange år no hatt rett i underkant av 3000 innbyggjarar, men rundt 1400 - 1500 arbeidsplassar. I plattforma er derfor det fyrste punktet at auka busetjing og bustadbygging vil vera ei prioritert oppgåve for posisjonen. Me må jobbe for å tilretteleggje for boligtomter, einebustader og leiligheiter. Me vil vera ein aktiv og positiv medspelar på fleire plan i utviklinga av kommunen, men auka busetjing og bustadbygging er eit av dei viktigaste områda å vera ein god medspelar på. 
  • Tilrettelegging for næringsutvikling - Næringsutvikling skal ha høg prioritet i denne fireårsperioden, med fokus på at eksisterande og nye bedrifter kan etablere nye arbeidsplassar der kommunen skal vera ein god tilretteleggjar. Formannskapet har vedteke at kommunen skal gå inn med 1 million kroner i næringshagen i telebygget der det er plass til omlag 75 arbeidplassar/kontorer. I tillegg er Vest-Telemark teknologipark i rute for opning i 2019, og også her har kommunen vore ein aktiv medspelar i arbeidet så langt. NHO sine tal seier at 1 arbeidsplass i landbasert industri genererar 5 andre jobbar i tillegg, noko som gjer at teknologiparken kan føre med seg endå fleire arbeidsplassar innanfor tilknyttande næringar som me p.t. ikkje kjenner til. Men NHO sine tal viser at kommunen må fortsette jobben med å vera ein aktiv medspelar og tilretteleggjar for næringsutvikling i heile kommunen. Dette for å oppretthalde det sterke næringsmiljøet som eksisterar her og skape ei auke, samstundes som me må få snudd den store overvekta av arbeidsinnpendling. Om ein gjennomsnittsfamilie på 4, 2 vaksne og 2 born, flyttar til kommunen vil det innebere omlag 200,000 kr i årlege inntekter til kommunen. I inneverande kommunestyreperiode vil det ikkje bli innførd eigedomsskatt på bustader, fritidsbustader og næringsbygg. Det er eit insentiv for å deltaka i både næringsutviklinga og bustadutviklinga som ein aktiv og god tilretteleggjar, og det er nettopp det me vil fortsette å gjera i auka grad.
  • Når det gjeld samferdsel er også det ein viktig medverkande faktor for auka bustadbygging og næringsutvikling. E134 har per i dag ein gjennomsnittleg døgntrafikk gjennom kommunen på omlag 3400 køyretøy. Om E134 skulle bli hovudfartsåra mellom aust og vest, noko den ligg særs godt ann til å bli, så vil talet på gjennomsnittleg døgntrafikk auke til omlag 6000 - 7000 køyretøy. Dette kan få ein betydeleg positiv effekt både når det gjeld bustad- og næringsutvikling. I den forbindelse så blir det også særs viktig å få på plass ei ny avkøyringsordning ved Shell, som er trygg, god og effektiv. Ein ser at alle stader der ein ny hovudveg blir lagt til, umiddelbart får ein positiv oppsving når det gjeld næring. Det er viktig å nytte seg godt av denne moglegheiten og nytte den så godt at den positive oppsvingen blir vedvarande. For Seljord er det også viktig å sikre ei opprusting av Rv36 og 41. Dette er viktige kommunikasjonsvegar både for Seljord og regionen, og me vil jobbe for at desse prioriterast for vedlikehald og opprusting. Århus - Gvammen vil korte ned reiseavstanden til både Notodden og Kongsberg nok til at ein kan få til moglegt samarbeid med desse om industri og næringsutvikling.

Vidare tok Ordføraren for seg blant anna at posisjonen vil sjå på om ein kan tilpasse opningstidene i bornehagane meir i forhold til arbeidslivet, dette for å mogleg kunne vere ein tilretteleggjar for meir fleksible arbeidstider og pendlejobbar for dei i lokalt næringsliv og dei småbornsfamiliane som har behov for dette. Ordføraren tok også for seg viktigheita av å heie på kvarandre, og nemnde blant anna Skorve Entreprenør som for ikkje så langt tilbake i tid har signert anbudskontraktar på tilsaman over 270 millionar kroner. Dette kan få store ringverknadar for kommunen og regionen, og det vil alle tene på. Framsnakke næringar både lokalt og regionalt vil samla vere bra og for Seljord. Heie på næringar som gjer det bra vil skape eit godt miljø for å lykkast i, og vil i neste omgang kunne tiltrekkje seg både nye næringar og tilflyttarar.

Seansen vart avslutta med at Ordføraren sa nokre ord om arbeidet med kommunereforma. Ei intensjonsavtale med kommunane Seljord, Kviteseid og Nissedal vil bli lagt fram for kommunestyra 28. januar. Då vil kommunestyret som vart vald i haust for fyrste gong starte si behandling av reforma og spesifikt denne avtala. Så vil deira arbeid blant anna avgjerda kva for type innbyggjarmedverknad som skal gjennomførast. Det har også kome fram i media i det siste at konstellasjonen Hjartdal, Notodden og Sauherad vil invitere Seljord med i eit tilsvarande arbeid. Dette må kommunestyret ta stilling til i budsjettmøtet 17. desember før det eventuelt kan gjennomførast nokre slike møte.

Ordføraren takka for invitasjonen og vona at næringslaget ikkje vil nøle med å ta kontakt om det er noko kommunen kan hjelpe til med.