Ord for dagen ved Hærmannsbautaen ved Ordføraren 17.mai 2019

Ordførar Halfdan Haugan m/kjede i 17.mai toget framom Seljord Kyrkje

Godtfolk, Gratulerer med dagen

Me feirar Norges nasjonaldag 17. mai med barnetog med hurrarop, latter og med glede. Det er ikkje alle stader i verda som kan feire det me gjer i Norge der me har fred, trygghet og velstand, og dei aller fleste av oss har det også godt økonomisk. Det er inga sjølvfølge at me kan ha det slik. Våre forfedre har kjempa og sloss for den vegen som me gjeng på, og nå er det vår oppgåve å ta vare på den. Me må vedlikehalde den, gjera den betre for at den skal tåle vår tidsalder.

17. mai feiringa i Seljord er eit dugnadsprosjekt, foreldra til 7.klasse er 17. mai komite, me har lang og god erfaring i Seljord med å ha dugnadsprosjekt. Nokon gledar seg til dugnad, andre er ikkje akkurat der, men resultatet av dugnadsprosjektet er veldig bra. Ja, me får gjort det arbeidet som var planlagt men kanskje det aller viktigaste med dugnad er opplevelsen, fellesskapsfølelsen, det sosiale og det å gjera ting saman med andre. Når foreldre som bidreg på dugnad, har med seg ungane som også deltek, skapar det relasjonar og ein får venner. Me fær ein godfølelse og at me har vore med på ein jobb som betyr noko for oss alle.

På fyrstesida i Telemarksavisa, TA, kunne me på måndag lese om ein gut på 14 år som annonsera etter venner. Han hadde lagt inn ei kontaktannonse i avisa der han skreiv "Jeg er en helt vanlig gutt på 14 år med sunne fritidsinteresser som søker nye venner å være sammen med i fritiden. Seriøst".

Til TA seier guten at han har venner på skulen, men i helgane savnar han nokon å gjera ting saman med. Han savnar at nokon bankar på dynna eller ringer slik dei gjorde når han var yngre. Han synest det har blitt verre etter han starta på ungdomskulen i fjor haust. Mange i klassa går på fotball og for andre kan det vera vanskeleg å koma inn i det sosiale nettverket.

I same artikkelen i TA uttalar psykolog Brit Kari Saunes ved helsestasjon for ungdom at ho ikkje er overraska, ho møter mange ungdommar som føler seg einsame.

Me har også lese i media den seinare tida at fleire eldre også føler seg einsame og savnar noko vesentleg i livet sitt.

Kva er einsamhet? 

Helse Norge skriv fylgjande om einsamhet: "Ensomhet dreier seg om en ubestemt lengsel eller et savn etter andre mennesker. Særlig høytider og begivenheter som forbindes med fellesskap og sosiale opplevelser kan bli vanskelige dersom du ikke har noen å dele dem med. De fleste studier understreker at det er følelsen av å kjenne seg ensom som er skadelig. Det å være alene er med andre ord ikke det samme som å være ensom. I følge psykolog og forsker på ensomhet John Cacioppo går hjernen inn i en overlevelsesmodus når du føler deg ensom. Dette kan føre til at du blir selvfokusert og opptatt av hvordan du selv har det, og glemmer å fokusere på hvordan andre rundt deg har det."

Helse Norge skriv vidare: "Å dele positive erfaringer og opplevelser med ande har vist seg å ha en overraskende positiv virkning på følelsen av ensomhet. Oppsøk sosiale møteplasserm som organiserte fritidsaktiviteter, og organisasjonsarbeid. Hvis du har en interesse eller hobby, forsøk å pleie denne i et fellesskap med andre. Prøv å lage deg rutiner der du treffer de samme personene gang etter gang. Slik kan fremmede på sikt bli venner."

Ein vis lege sa ein gong: "Den beste medisin for mennesker er omsorg og kjærlighet" Nokon spurte: "Kva om det ikkje virkar?"

Legen smilte og svara: "Auk dosa"

Me har alle ein jobb å gjera her, det med inkludering, skape og vedlikehalde ulike nettverk som alle kan ta del i uansett alder og sosial status.

Når eg blei spurt av 17. mai komiteen om å halde ein appell eller ord for dagen på 17. mai feiringa i dag, takka eg ja til det og tenkte at då må eg koma med ei oppfordring eller appell. Det er mange tema som kunne vore grunnlag for ein appell eller ord for dagen, og eg måtte også sjekke kva ein appell eigentleg er.

På wikipedia stend det fylgjande: "En appell kan bety en sterk oppfordring (til handling, hjelp, uttalelse). Ordet er også brukt om kort, inntrengende (eller agitatorisk) tale på politisk møte eller lignende."

Fyrst og fremst skal me ha ei flott og triveleg 17. mai feiring i Seljord i dag og feire grunnlovsdagen til minne om den norske grunnlova, som blei underskriven på Eidsvoll den 17. mai 1814.

Så skal me ha folketog til Granvin med program for både unge og vaksne, kose kånn og eta mykje pylsur, is, kake og brus.

Så til appellen min som tek utgangspunkt i det eg har sagt nå.

Appellen min er: Me skal gjeva mykje omsorg og kjærleik til våre medmenneskje, og viss det ikkje virkar, auk dosa.

Ha ein fin 17. mai feiring!!