Ordførarens hjørne

Som ein del av det å opne opp dei politiske prosessane i Seljord er det viktig å ha tett og god kontakt med innbyggjarane og næringslivet. For å få til dette er det viktig å leggje til rette for, og nytte seg av gode møteplassar mellom politikarane og innbyggjarane.

original

Difor vil ordføraren siste fredagen i kvar månad framover invitere til "ordførarens hjørne" på Granvin kulturhus. Til dette er det ein open invitasjon til alle innbyggjarar, næringsliv og andre som har noko på hjartet dei gjerne vil ta opp med ordføraren.

Det kan vera idear du har om utviklinga i bygdi, synspunkt på dei tenestane Seljord kommune leverar, ei spesifikk sak du ynskjer å diskutere, eller kanskje du sit me nokre gode idear som bør takast tak i og lyftast opp i kommunestyret eller andre utval i kommunen.

Kunne du tenkt deg å busetje deg i Seljord kommune og byggje deg eit hus er du sjølvsagt også hjarteleg velkomen, me har ledige tomter og nye områder på gang. Om du kunne tenkt deg å etablere næringsverksemd i kommunen tek me meir ein gjerne ein prat om det også, her er det fleire moglegheiter. Til ordførarens hjørne kan du også koma om du har ris eller ros til jobben som gjerast, då dette også er viktig.

Tidspunktet for det fyrste treffpunktet er fredag 29.01 - kl.10:00 - 12:00 på Granvin kulturhus. Resten av treffpunkta dette halvåret blir 26.02, 18.03, 29.04 og 27.05. 

Eg ser fram til å møte deg til ein god prat over ein kaffekopp.

Venleg helsing

- Halfdan