Politisk plattform for posisjonen for kommunestyreperioden 2015 - 2019

22.oktober vart kommunestyret i Seljord for perioden 2015 - 2019 konstituert. AP fekk seks representantar inn i kommunestyret, to fleire enn i førre periode, og saman med H og Krf utgjer partiet posisjonen i kommunestyret. Partiets representantar i kommunestyret i denne perioden er; Halfdan Haugan, Ordførar, Hanne Norgaard, formannskapsmedlem, Trond Johnsen, nestleiar i teknisk utval og partiets gruppeleiar, Eivind Skogheim, felles gruppeleiar for posisjonen, Mona Helen Haugan, medlem teknisk utval og Hallgeir Ofte, kommunestyremedlem. I tillegg sit Arve Lia i kontrollutvalet. Samarbeidsgrunnlaget for posisjonen vart presentert av den nyvalde ordføraren, Halfdan Haugan, på det konstituerande kommunestyremøtet. Det er mange viktige saker, både store og små, som partiet og posisjonen skal jobbe med og for i denne perioden, men nokre hovudpunkt blei formulert i den politiske plattforma. Desse hovudpunkta kan du lesa under.

original_1478643211_4173157

  1. Auka busetjing og bustadbygging vil vera ei prioritert oppgåve for dei samarbeidande partia.
  2. Næringsutvikling skal ha høg prioritet i denne fire års perioden, med fokus på at eksisterande og nye bedrifter kan etablere nye arbeidsplassar der kommunen skal vera ein god tilretteleggjar.
  3. Oppretthalde drifta av symjehallen og utgreie moglegheiten for nytt badeanlegg i tilknytning til Granvin.
  4. Kommunereforma skal vera godt førebudd og ei samanslåing skal vera friviljug med ei brei innbyggjarinnvolvering som grunnlag.
  5. Konkurranseutsetjing og privatisering av basistenester blir ikkje gjennomført i denne kommunestyreperioden.
  6. Tilpassa opningstider i barnehagane i forhold til arbeidslivet.
  7. Seljord må ta sin del av ansvaret for busetjing av flyktningar og sikre ei god integrering.
  8. Styrke tilbodet på offentlege og private lærlingeplassar.
  9. Sikre opprusting av Rv 36, 41 og oppgradering av E134 som hovudfartsåre mellom aust og vest, og ha fokus på trafikksikringstiltak som gang- og sykkelveg.
  10. Det blir ikkje innført eigedomsskatt på bustader, fritidsbustader og næringsbygg.
  11. Vidareføre kantina på ungdomskulen og sjå på moglegheiten for å etablere kantine på dei andre skulane.
  12. Det skal arbeidast for kompetanseheving og etterutdanning for pedagogar, og opne for breiare fagkompetanse i skule og barnehage.
  13. Frivilligsentralen har ein viktig funksjon i lokalsamfunnet og vi vil sikre vidareføring av drifta.
  14. Helse og omsorgstenestene i kommunen skal vidareutviklast, og vi vil styrke det førebyggjande arbeidet innan rus og psykiatri.
  15. Seljord som kulturkommune skal prioriterast.
  16. Dei samarbeidande partia skal jobbe seg fram til einigheit om det årelege budsjettet i kommunen.