Tettare samarbeid i Vest-Telemark er framtida

Klart svar frå kommunens innbyggjarar om samanslåing med Kviteseid. No skal me fortsette å jobbe for kommunens beste, og eventuelt sjå om det er endå fleire tenestetilbod me kan samarbeide om innad i Vest-Telemark kommunane.

original_1478639511_2028885

I folkerøystinga måndag gav innbyggjarane i Seljord eit klart svar i si meining om kommunesamanslåing med Kviteseid eller ikkje. Då røystene var talde viste det at 77,9% av Seljordingane er mot ei samanslåing med Kviteseid. Det totale valdeltakinga var på 44,3%.

I innbyggjarundersøkinga, som vart gjennomførd før folkerøystinga, svara 6 av 10 at dei var for at Seljord skulle halde fram som eigen kommune, mens 2 av 10 var for å slå Seljord og Kviteseid saman. Omlag 400 innbyggjarar vart oppringde i denne undersøkinga.

Ordførar Halfdan Haugan seier at han sjølvsagt forventar at politikarane på kommunestyremøte 22.juni fylgjer dette signalet, slik at det dermed blir ein enkel sak å formelt behandle i dette møtet.

I innbyggjarhøyringa kom det fram at omlag 75% av Seljordingane føler mest tilhøyrighet til Vest-Telemark, noko Haugan synest er særs gledeleg.

Dette legg opp til eit endå tettare samarbeid med Vest-Telemark kommunane, moglegens også fleire IKS-samarbeid, for å best løyse ein del av dei framtidige kommunale oppgåvene. Ordførar Haugan vil også understreke at han meiner at prosessen med dei forskjellige intensjonsavtalene ikkje har vore bortkasta. Det har blitt lagt ned mykje godt arbeid i desse rundane og meir informasjon er aldri bortkasta. Om det ut av det arbeidet som er gjort og den informasjonen som kommunen har tileigna seg i desse prosessane kan ligge nye samarbeidsområder, eller nye og betre måtar å organisere tenester eller samarbeid på i Vest-Telemark så er det særs positivt. 

Ordførar Haugan har fått eit spørsmål ein del gonger etter at resultatet frå folkerøystinga blei klart, og det er om han ser på dette som eit nederlag. Til det svarar han at dette på inga måte er noko nederlag, og han er heller ikkje skuffa. Seljord kommune har utført den oppgåva som regjeringa ba om at skulle bli gjort, og eg meiner at me har løyst den oppgåva på ein god og ryddig måte, både ovanfor kommunane som har invitera oss med inn i prosessane med eventuelle intensjonsavtaler, og ovanfor innbyggjarane med folkemøter, innbyggjarundersøking og folkerøysting, avsluttar Haugan.

No er den jobben gjort og innbyggjarane har sagt sitt. Kommunestyret og kommunen skal no fortsette å jobbe for kommunens beste og vidareutvikling av tenestetilbodet i kommunen, og me skal også jobbe for å legge endå betre til rette for næringsutvikling i kommunen, tilflytting og vidareutvikling av heile kommunen.

Seljord kan fint klare seg på eiga hand ein del år framover seier Haugan, men det som er litt bekymringsfullt er at med dagens regjering vil den framtidige økonomiske kvardagen for kommunane ikkje bli lettare. Det vil kome fleire, større og økonomisk dyrare oppgåver til kommunane i åra framover. Det er ein stor del av årsaka til at denne reformprosessen har vore så usikker og utfordrande som den har vore. Utan å ha ein tydeleg oversikt over kommunanes framtidige oppgåver, eller kommunanes nye inntektssystem, så blir det vanskeleg å sjå inn i glasskula og vita korleis ein best skal møte framtida, åleine og liten eller som ein litt større kommune.

I tillegg til å drifte kommunen på ein god måte for å oppretthalde dei gode tenestetilboda i kommunen, bør me nok derfor også jobbe for endå sterkare og tettare bånd innad i Vest-Telemark. Det skal me sjølvsagt gjera, og det trur eg det er interesse for i alle Vest-Telemark kommunane.